Intro Topptur
Vil du g¨å meir på topptur, men treng litt starthjelp?
Bli med på helgesamlinga Intro Topptur, som gjev deg konkret kunnskap og praktiske ferdigheiter innanfor turplanlegging, snøskredvurdering og sikkerheit på skitur i fjellet.

Mål og innhald
Gjennom god oppfølging, vil du og resten av gruppa få øve på å planlegge og gjennomføre toppturar på eit grunnleggande nivå. Du vil få øving i å planlegge turar utifrå aktuelle snø- og skredforhold, gjere trygge ruteval i terrenget, og finne god snø.
Vi planlegg kvar tur nøye dagen før, kor vi knyter teori til praksis og den konkrete turen.
Både laurdag og søndag dreg vi på reelle dagsturar, kor vi har læringssamtalar og demonstrasjonar, og du og gruppa vil få konkrete oppgåver og øvingar undervegs.
Aktiv deltaking, praktisk læring, og positive ski- og toppturopplevingar er måla for denne sosiale og læringsrike helga.
Tema og fokusområde:
Turplanlegging og tur
Vi vil øve på ulike rutinar, og bruke skredvarsel, vêrmeldingar, kart og andre verktøy og metodar, for å både planlegge tur, og vurdere ulike forhold og faktorar på skitur i terrenget.
Korleis bruke skred- og toppturutstyret ditt?
Du vil få trening i å bruke sendar/mottakaren din, og anna skred- og skiutstyr. Vi vil også gjennomføre øving i kameratredning ved snøskred.
Skiteknikk i terrenget
Vi tilbyr tips og øvingar i høve til skiteknikk, både oppover og nedover.
Terrenghandtering
Kva er skredterreng, og korleis kan eg unngå det?
Vurdering av brattheit og ulike terrengformasjonar
Terrengfeller v. støttande terreng
Ruteval på ski i terrenget
Snø
Fareteikn i snøen
Ulike hovudformer av snø
Kjenneteikn på svake lag i snødekket
Vurdering av snøstabilitet
Vêr
Fareteikn ved vêret
Gunstig og ugunstig vêrutvikling
Korleis tilpasse turen etter vêret?
Den menneskelege faktor
Korleis kan ulike mål og forventningar, roller, helse, mentale snarvegar, og andre menneskelege faktorar, påverke vurderingar og val på tur?
Vi øver på rutinar for å skape god kommunikasjon og dynamikk i gruppa.
Praktisk informasjon
Deltakarar: 4-8 stk
Pris per person: 3399 kr
Program:
Fredag kveld: Velkommen, bli kjent, og turplanlegging
Laurdag: Dagstur + turplanlegging kveld
Søndag: Dagstur
Destinasjon/område: Sogndal eller Tromsø, avhengig av påmelding
Overnatting og transport: Deltakarane må ordne med overnatting og transport sjølve. Eg hjelper derimot gjerne med å finne gode alternativ!
Utstyr: Utstyrsliste vil bli sendt per e-post ved påmelding.
