Kåfjord påska 26

20.04.2026

Panorama-utsikt over Lyngsalpane, fjorden og havet, danna ei storslått ramme for toppturar på Uløya og Kåfjord, påska 26!

Eit hyggeleg fransk par hadde funne vegen heilt til Nord-Troms, for å gå på ski i det spektakulære fjellandskapet.
Første dagen tok vi den vesle ferja over til Uløya. Her gjekk vi ein tur på over 1100 høgdemeter, med utsikt over Lyngsalpane, fjorden og storhavet! 
Sola kom fram i periodar mellom skyene, og skapte eit nydeleg lysspel i landskapet. 
Nedkøyringa baud på lange, jamne flankar, og fin cruising nedover mot fjorden.

Dag to gav oss også opphaldsvêr og delvis sol, og vi gjekk ein fin tur i Kåfjord. Vi såg på terrengformasjonar og undersøkte snødekket saman. Vi grov også ein snøprofil og utførte ein stabilitetstest i lunsjen, kor vi forøvrig naut dei varme solstrålane, som vart reflekterte i den blanke fjorden og majestetiske tindane. 
På veg nedover, oppsøkte vi best muleg snø i det aktuelle området, og vi svinga oss i retning fjorden. 
Vi avslutta palmehelga med Solo og Kvikk lunsj, i kafékroken på den lokale nærbutikken.
Merci beaucoup! 

Share