Vest-Finnmark:
Alta, Øksfjord og Nuvsvåg

Fly til Alta, og ein times køyring frå flyplassen, finn du skiperler på ei snor!

Èi av desse perlene er Langfjorden. Her finn du skiterreng for alle nivå, både i skogen og over tregrensa. Her kjem det også ofte mykje snø!
Litt lenger utover mot kysten, også i dagsturavstand frå Alta, kjem ein til idylliske Øksfjorden. Dei ulike fjella og dalane ned mot fjorden, innbyr til mange turvariantar og variert skikøyring!

Nuvsvåg, også høyrt som "Lille Chamonix", ligg ved foten av Øksfjordjøkelen, omkransa av kvasse fjellrekker.
Her kan ein køyre ski til langt utpå våren, i lyset av midnattsola i havgapet!
Ein må ta ferje for å komme seg til dette idylliske fiskeværet, og det kan difor lønne seg å bli nokon dagar, når ein først dreg ut.

Book din neste skitur til det arktiske skieldoradoet Vest-Finnmark!