Ski og topptur

Skitur for deg

Eg tilbyr ulike ski- og toppturtenester for deg og ditt nivå, på nokon av dei vakraste skidestinasjonane i Noreg.

Bli med på ein innhaldsrik dagstur, skihelg, eller toppturveke, i storslått landskap med fin skikøyring!

Om du fersk på topptur, og kunne tenke deg ei konkret og praktisk innføring, kan du også melde deg på helgesamlinga, Intro Topptur.

Velg skitenesta som passar for deg, på destinasjonen du drøymer om!

Ta kontakt for spørsmål, planlegging og booking.

Skitenester

Intro Topptur - Helg (fre-søn)

Vil du g¨å meir på topptur, men treng litt starthjelp?
Bli med på ei sosial helgesamling, med toppturar, øving og læring!

Intro topptur gjev deg konkret kunnskap og praktiske ferdigheiter innanfor turplanlegging, snøskredvurdering og sikkerheit på skitur i fjellet.

Gjennom god oppfølging, vil du og resten av gruppa få øve på å planlegge og gjennomføre toppturar på eit grunnleggande nivå.
Vi dreg på reelle dagsturar, og i tillegg til læringssamtalar og demonstrasjonar, vil deltakarane få konkrete oppgåver og øvingar dei må gjere saman undervegs.
Aktiv deltaking, praktisk læring, og positive ski- og toppturopplevingar vil stå i fokus for helga!

Tema og fokusområde:

Turplanlegging og tur
Vi vil øve på ulike rutinar, og bruke skredvarsel, vêrmeldingar, kart og andre verktøy og metodar, for å både planlegge tur, og vurdere ulike forhold og faktorar på skitur i terrenget. 

Korleis bruke skred- og toppturutstyret ditt? 
Du vil få trening i å bruke sendar/mottakaren din, og anna skred- og skiutstyr. Vi vil også gjennomføre øving i kameratredning ved snøskred.

Skiteknikk i terrenget
Vi tilbyr tips og øvingar i høve til skiteknikk, både oppover og nedover.

Terrenghandtering
Kva er skredterreng, og korleis kan eg unngå det?
Vurdering av brattheit og ulike terrengformasjonar
Terrengfeller v. støttande terreng
Ruteval på ski i terrenget 

Snø 
Fareteikn i snøen
Ulike hovudformer av snø
Kjenneteikn på svake lag i snødekket
Vurdering av snøstabilitet

Vêr
Fareteikn ved vêret
Gunstig og ugunstig vêrutvikling
Korleis tilpasse turen etter vêret?

Den menneskelege faktor
Korleis kan ulike mål og forventningar, roller, helse, mentale snarvegar, og andre menneskelege faktorar, påverke vurderingar og val på tur?
Vi øver på rutinar for å skape god kommunikasjon og dynamikk i gruppa.

Praktisk informasjon

Deltakarar: 4-8 stk
Pris per person: 33
99 kr 

Program:
Fredag kveld: Velkommen, bli kjent, og turplanlegging  
Laurdag: Dagstur + turplanlegging kveld
Søndag: Dagstur
Destinasjon/område: Sogndal eller Tromsø, avhengig av påmelding
Overnatting og transport: Deltakarane må ordne med overnatting og transport sjølve. Eg hjelper derimot gjerne med å finne gode alternativ!
Utstyr: Utstyrsliste vil bli sendt per e-post ved påmelding

Dagstur - Topptur 1 dag 

På jakt etter urørt snø i vakre fjell, kan du bli med på ein innhaldsrik topptur med store ski- og naturopplevingar!

Sjå føre deg å gå oppover i det kvite fjellriket, kjenne lungene fylle seg med frisk luft, medan du kviler augene på fjella og skiterrenget, som du snart skal svinge deg nedover i god flyt! 
Ein tur på ski i mektig landskap, med både stemningsfylte og fartsfylte augneblink, kan ein leve på lenge!

Eg planlegg turen etter gruppa sitt erfaringsgrunnlag mellom anna, nettopp for at du kan nyte turen i seg sjølv, og kjenne på ski- og turglede. 
Gjeldande snø- og vêrforhold i området, er også med på avgjere nøyaktig kor vi dreg på tur, for å finne gode snø- og skiforhold.

Undervegs på turen, får du også ta del i lærerike samtalar og observasjonar av terreng, vêr og snø mellom anna. 
Skikøyringa nedover fine flankar og leikent terreng, vil sannsynlegvis danne store smil på slutten av dagen! 

Velkommen til ein draumedag på ski eller splitboard!

Praktisk informasjon

Deltakarar: 1-6

Prisar:

1-2 pers: 5400 kr
3-4 pers: 5800 kr
5-6 pers: 6200 kr

Tid:  5-8 timar

Destinasjon/område: 
Fortel kva for destinasjon og tidsrom du ynskjer å reise i, og eg undersøker kva som er tilgjengeleg.

Transport:
Deltakar må ordne med transport til oppmøtestad sjølv, om ikkje anna er avtalt.

Utstyr:
Utstyrsliste vil bli tilsendt ved booking

Skihelg (fre-søn) - topptur 2 dagar

Ei komplett skihelg - med varierte turar og skikøyring i storslått landskap!

Kunne du tenke deg to heile dagar med topptur i spektakulære skifjell? 
Vi oppsøker ulike skiområde for å finne trygg og fin snø, og legge til rette for flotte turar med god skikøyring!

Gjennom gode rutinar, øvingar og samtalar i gruppa, kan du også få utvikla kunnskap og ferdigheiter innnanfor topptur og skredvurdering i løpet av helga. 

Med to dagar til rådigheit, vil det bli mulegheiter for fleire og varierte nedkøyringar, og store skiopplevingar!
Bestill ei sosial og skihelg, i nokon av dei beste skiområda i Noreg!

Praktisk informasjon:

Deltakarar: 1-6

Prisar: 

1-2 pers: 9000 kr
3-4 pers: 10 000  kr
5-6 pers: 11 000 kr

Program: 
Fredag kveld: Velkommen, bli kjent, og turplanlegging
Laurdag: Dagstur + turplanlegging for søndag
Søndag: Dagstur

Destinasjon/område: 
Fortel kva for område og tidsrom du ynskjer å reise i, og eg undersøker kva som er tilgjengeleg. Vi planlegg og avtalar vidare ut frå dette.

Overnatting og transport: 
Deltakarane må ordne med overnatting og transport for heile helga, om ikkje anna er avtalt. 
Eg hjelper derimot gjerne til med å finne gode alternativ!

Utstyr: Utstyrsliste vil bli tilsendt ved booking


Topptur 3-5 dagar

Legg skiferien til Sogn eller Nord-Noreg, og Netland Guiding set saman ei variert og unik toppturpakke for deg og gruppa

Om det er ei langhelg, eller opptil 5 dagar, dreg vi på ulike toppturar i nokon av dei finaste skiområda destinasjonen har å by på!

Ved å vere fleire dagar på tur i samme område, blir vi både betre kjent med kvarandre, og med snøforholda.
Dette kan legge eit godt grunnlag for både gode sosiale og faglege samtalar, turrutinar og vurderingsprosessar i løpet av dagane.

Fjella og turane i seg sjølve, skikøyringa, og det sosiale fellesskapet, kan til saman skape fantastiske dagar på ski eller splitboard, på din draumedestinasjon!

Kom med dine ynskjer for både destinasjon/område og datoar, og vi kan planlegge din neste skiferie saman. 
Ta også kontakt om du har ulike spørsmål om destinasjonar, toppturane, organisering og anna.

Praktisk informasjon:

Deltakarar: 2-6

Pris per person:

3 dagar: 7500 kr
4 dagar: 10 000 kr
5 dagar: 12 500 kr

Tid og program: 
Ta kontakt for å avtale tidsrom, datoar og antal dagar de ynskjer å vere på tur.
Vi vil deretter avtale nærare program for dagane.

Destinasjon/område:
Fortel kva for område og tidsrom du ynskjer å reise i, og eg undersøker kva som er tilgjengeleg. Vi planlegg og avtalar vidare ut frå dette.

Overnatting og transport:
Deltakarane må ordne med overnatting og transport for heile veka, om ikkje anna er avalt.
Vi hjelper derimot gjerne til med å finne gode alternativ!

Utstyr: Utstyrsliste vil bli tilsendt ved booking