Destinasjonar









Din neste skidestinasjon

Kombiner dei ulike topptur-tenestene med destinasjonen du ynskjer å reise til!
Sjå vårt varierte utval av skidestinasjonar, både i Sogn på Vestlandet og i Nord-Noreg. 
Ta kontakt for å høyre kva for destinasjonar som er tilgjengelege i tidsrommet du ynskjer.

Sogn, Vestland

Balestrand

Dei mektige og storslåtte fjella som omkransar Esefjorden i Balestrand, har vore inspirasjon for langvegsfarande kunstnarar heilt sidan 1800-talet.
Dei same fjella inspirerer også til nydeleg skikøyring, med panoramautsikt over Sognefjorden!

Ta turen til idylliske og historiske Balestrand, for ein skitur som kanskje vil skrive seg inn i di historiebok?  

Sogndal

Saft-, fotball- og ikkje minst skibygda Sogndal, er kjent for store mengder laussnø og leikent skiterreng!

I korte avstandar frå Sogndalsfjøra, kan ein gå varierte skiturar, i både snørik skog og fine fjellsider! 
Sogndalsdalen er eitt av desse kortreiste alternativa, med mange mulegheiter.
Fjedle kadla - kjem du?

Luster

Kunne du tenke deg å stå på ski i nokon av dei mest ikoniske og historiske fjellområda i Norge?
Jostedalen og Hurrungane har lange tradisjonar for for både skikøyring, brevandring og fjellklatring. 
Mulegheitene er mange, både for store mengder laussnø i Jostedalen, og mektige turopplevingar blant høgtragande tindar i Hurrungane! 

Nord-Noreg: Troms

Tromsø og Kvaløya

Nordens Paris er også eit skiparadis! 
Her kan ein spenne på seg skia like utanfor byen, både på fastlandet og øyene utanfor, og velge og vrake i eit hav av mulegheiter.

Ut mot havet ligg også Kvaløya, med rekker av fjell og tindar, i korte avstandar frå bilen.
Legg turen til storbyen i Nord-Noreg, og nyt nedkøyringa i glinsande fargar frå nordlyset!

Lyngsalpane og Kåfjord

Dei ikoniske Lyngsalpane på Lyngen-halvøya, skil seg ut med sine høge og majestetiske fjell, som stig opp frå fjordane og havet rundt. 
Dette riket av store og vakre dalar, brear og spisse tindar, innbyr til storarta skiturar og mange høgdemeter med skikøyring! 

Kåfjord er den litt mindre kjente naboen til Lyngen. Fjella og skimulegheitene er derimot like fine her, og ofte litt mindre utsatt for vêr og vind frå vest.

Arnøya, Skjervøy og Nordreisa

Langs kysten av Nord-Troms, ligg Skjervøy, Arnøya og Kågen. Desse fjellrike øyene ligg vakkert til ved havet, med stilfulle toppar, bygder og fiskevær.

Nordreisa har både kyst og innland, med fjord og dalar omkransa av fjell og skimulegheiter.
Når det er røft vêr på kysten, kan det ofte vere rolegare og betre snøforhold innover på fastlandet. Ved å vere fleksibel, kan ein ha gode sjansar for å finne fin snø og skikøyring i regionen. 

Nord-Noreg: Troms og Vest-Finnmark

Kvænangen, Troms

Like ved grensa til Finnmark, ligg Kvænangen.
Litt over ein times køyring frå Alta, kjem ein til varierte fjellområde, som innbyr til skiturar for ein kvar smak.

Fr¨å lyden av bølgeskvulp i fjøresteinane, kan ein gå oppover fjella med utsikt over fjorden.
Det varierte landskapet, gjer det muleg å oppsøke ulike himmelretningar og terrengformasjonar, for å finne upåvirka og fin snø.
Nedkøyringa i lyset frå den låge sola i horisonten, kan bli eit minne for livet!

Vest-Finnmark:
Alta, Langfjorden og Øksfjord

Fly til Alta, og i underkant av ein times køyring frå flyplassen, finn ein skiperler på ei snor!
Èi av desse perlene er Langfjorden. Her finn du skiterreng for alle nivå, både i skogen og over tregrensa. Her kjem det også ofte mykje snø!

Litt lenger utover mot kysten, også i dagsturavstand frå Alta, kjem ein til idylliske Øksfjord. Dei ulike fjella og dalane ned ved fjorden, innbyr til mange turvariantar og variert skikøyring!

Området samla sett, gjev stor fleksibilitet i turmulegheiter, for å finne den beste skituren for deg!