Skihelg (fre-søn) - Topptur 2 dagar
Kunne du tenke deg to heile dagar med topptur i spektakulære skifjell?
Bestill ei komplett skihelg - med varierte og lærerike turar i storslått landskap!

Vi oppsøker ulike skiområde for å finne trygg og fin snø, og å legge til rette for innhaldsrike og lærerike turar, med god skikøyring!
Gjennom gode rutinar, øvingar og samtalar i gruppa, kan du få utvikla kunnskap og ferdigheiter innnanfor topptur og skredvurdering, og bli meir sjølvstendig i fjellet.
Med to dagar til rådigheit, vil det bli mulegheiter for fleire og varierte nedkøyringar, og store skiopplevingar.
Bestill ei opplevingsrik og lærerik skihelg, i nokon av dei beste skiområda i Noreg!
Praktisk informasjon:
Deltakarar: 1-6
Prisar:
1-2 pers: 9000 kr
3-4 pers: 10 000 kr
5-6 pers: 11 000 kr
Program:
Fredag kveld: Velkommen, bli kjent, og turplanlegging
Laurdag: Dagstur + turplanlegging for søndag
Søndag: Dagstur
Destinasjon/område:
Fortel kva for område og tidsrom du ynskjer å reise i, og eg undersøker kva som er tilgjengeleg. Vi planlegg og avtalar vidare ut frå dette.
Overnatting og transport:
Deltakarane må ordne med overnatting og transport for heile helga, om ikkje anna er avtalt.
Eg hjelper derimot gjerne til med å finne gode alternativ!
Utstyr: Utstyrsliste vil bli tilsendt ved booking.
