Topptur 3-5 dagar

Planlegg du skiferie i Noreg, men er usikker på kor du skal reise?
Vil du få det beste ut av destinasjonen, gå trygge toppturar, og finne best muleg snø?
Book fleire dagar med læringsrike og opplevingsrike toppturar
- på ein av dei mest eksotiske destinasjonane i landet!

Vi dreg på toppturar tilpassa deg og ditt nivå, i nokon av dei finaste skiområda destinasjonen har å by på!
Ved å vere fleire dagar på tur i samme område, blir vi både betre kjent med kvarandre, og med snøforholda.
Dette legg eit godt grunnlag for gode sosiale og faglege samtalar og fellesskap, turrutinar og vurderingsprosessar i løpet av dagane.
Du vil såleis lære mykje om turplanlegging, ruteval og skredvurdering, og korleis finne best muleg snø!

Fjella og turane i seg sjølve, skikøyringa, og det sosiale fellesskapet, vil til saman skape fantastiske dagar på ski eller splitboard, på din draumedestinasjon!

Kom med dine ynskjer for både destinasjon/område og datoar, og vi kan planlegge din neste skiferie saman.
Ta også kontakt om du har ulike spørsmål om destinasjonar, toppturane, organisering og anna.

Praktisk informasjon:

Deltakarar: 2-6

Pris per person:

3 dagar: 7500 kr
4 dagar: 10 000 kr
5 dagar: 12 500 kr

Tid og program:
Ta kontakt for å avtale tidsrom, datoar og antal dagar de ynskjer å vere på tur.
Vi vil deretter avtale nærare program for dagane.

Destinasjon/område:
Fortel kva for område og tidsrom du ynskjer å reise i, og eg undersøker kva som er tilgjengeleg. Vi planlegg og avtalar vidare ut frå dette.

Overnatting og transport:
Deltakarane må ordne med overnatting og transport for heile veka, om ikkje anna er avalt.
Vi hjelper derimot gjerne til med å finne gode alternativ!

Utstyr: Utstyrsliste vil bli tilsendt ved booking.