Vilkår
1. Booking og betaling
Booking/bestilling av alle tenestene til Netland Guiding, må gjerast via e-post eller per telefon.
Vi vil sende ei skriftleg stadfesting til kunden i etterkant.
Bookinga må innehalde kva slags type teneste(r) kunden ynskjer å delta på, og kontaktinformasjon til alle deltakarane: Fullt namn, adresse, e-post og tlf.nr.
Bookinga blir stadfesta og registrert når kunden mottek ein faktura for vald(e) teneste(r), med det totale beløpet.
Ein bindande avtale trer i kraft i det kunden mottek stadfestinga og fakturaen.
Faktura må betalast i løpet av 14 dagar etter at kunden har motteke denne, om ikkje anna er avtalt.
2. Avbestilling og endringar
Dersom kunden av ulike årsaker avbestiller ei teneste, gjeld følgjande vilkår:
- 15% av prisen for vald teneste, vil uansett gå til administrasjon, og er ikkje refunderbar.
- Dersom kunden avbestiller tidlegare enn
15 dagar før aktiviteten startar, må kunden betale 20% av det totale beløpet. - Dersom kunden avbestiller tidlegare enn
14-8 dagar før aktiviteten startar, må gjesten betale 50% av det totale beløpet. - Dersom gjesten avbestiller i løpet av dei siste 7 dagane før aktiviteten startar, må gjesten betale heile det totale beløpet.
- Avbestillinga må bli gjort per e-post til Netland Guiding: arne@netlandguiding.no.
Avbestillinga er gyldig frå datoen Netland Guiding mottek e-posten. - Vi anbefalar alle gjestane å ha gyldig reiseforsikring, som kan dekke saker knytta til avbestilling.
3. Endringar og avlysing av turoperatøren
- Netlang Guiding føreheld seg retten til endre eller avlyse tenester, heilt fram til samme dagen for aktiviteten. Dette kan vere dersom vêr- og snøforhold, eller andre forhold eller hendingar utanfor Netland Guiding sin kontroll, oppstår, eller blir vurdert for risikofulle til å gjennomøre aktiviteten som planlagt.
- Dersom Netland Guiding tilpassar og gjer endringar i høve til avtalt teneste/aktivitet, på grunn av nemnde uførutsette forhold eller hendingar ovanfor, vil ikkje tenesta bli rabattert eller refundert.
- Dersom Netland Guiding avlyser ei teneste, vil deltakaren få refundert 85% av det totale beløpet for tenesta.
- Netland Guiding er ikkje ansvarleg for konsekvensane av reiseforseinkingar, utgifter eller endringar forårsaka av vêr, krig, terrorisme, politiske hendingar, streik, naturkatastrofar, tekniske problem, eller andre hendingar eller forhold utanfor Netland Guiding sin kontroll.
- Dersom minimumskravet for antal deltakarar ikkje er møtt, føreheld Netland Guiding seg retten til å avlyse tenesta inntil 4 veker før. Deltakaren vil då få tilbod om å delta på tenesta på eit seinare tidspunkt, velge ei anna teneste, eller få refundert det totale beløpet for tenesta.
- Netland Guiding er ikkje ansvarleg for utgifter (flybillettar, utstyr, leigebil, overnatting m.m.) deltakaren har hatt i framkant av, eller som følge av at ei teneste blir avlyst av Netland Guiding.
4. Deltaking og gjennomføring
Netland Guiding betalar ikkje for ekstra kostnader forårsaka av deltakaren sine helsemessige eller personlege utfordringar. Deltakaren vil ikkje få redusert eller refundert pris, ved ei uønska helsemessig eller personleg hending, som hindrar deltakaren og/eller resten av gruppa i å gjennomføre delar av, eller heile aktiviteten.
Netland Guiding sine guidar/instruktørar føreheld seg retten til å nekte deltakarar i å delta på tenester, dersom dei vurderer at risikoen for at deltakaren vil kunne påføre seg sjølv eller gruppa ulukke/skade, er for stor. Dette kan vere vurderingar av deltakaren sin helsetilstand eller manglande eller uformålstenleg utstyr for kunne gjennomføre aktiviteten, slik han er beskriven og avtalt med deltakaren.
5. Alder
- Personar under 18 år, må levere ei fullmakt med signatur frå forelder/føresett, for å kunne delta på tenestene til Netland Guiding. Denne må anten bli sendt på e-post på førehand, eller bli levert fysisk før oppstart av aktiviteten.
- Personar frå og med 16 år og under, må ha med seg forelder/føresett på tenestene våre.
6. Deltakar sitt ansvar
- Deltakar pliktar å følgje instruksjonar frå guide/instruktør i Netland Guiding. Deltakaren pliktar også å følgje ordensreglar gjeven av guide/instruktør.
Dersom deltakaren bryt nemnde vilkår ovanfor, har guide/instruktør rett til å gje tilsnakk, og i siste instans utvise deltakaren frå gruppa og aktiviteten. - Deltakar er ansvarleg for, og må erstatte skadar han/ho, bevisst eller ved forsømming, påfører føretaket og/eller guide/instruktør, til dømes ved å ikkje følgje instruksjonar/ordensreglar.
- Dersom ein deltakar ynskjer å forlate aktiviteten før han er avslutta, må han/ho gje tydeleg beskjed til guide/instruktør.
- Deltakar har sjølv ansvar for personlege eigendelar, utstyr og andre verdiar. Netland Guiding tek ikkje ansvar for tap av dette i samband med våre tenester.
- Deltakar har sjølv ansvar for lånt/leigd utstyr av Netland Guiding. Deltakaren må erstatte skadar eller tap av lånt/leigd utstyr.
- Netland Guiding gjer nødvendige sikkerheitsvurderingar i samband med utføring av alle tenestene våre, for å sikre trygge turar og aktivitetar. Samtidig, er det ein viss risiko for farar og skadar forbunden med aktivitetane våre i naturmiljø.
Netland Guiding tek ikkje ansvar for økonomiske forpliktingar som følge av uhell, ulukker, skadar eller død, så lenge ulukka/uhellet ikkje skuldast grov uvarsemd (bm: uaktsomhet) frå guiden/instruktøren si side. - Netland tek ikkje ansvar for uhell/ulukker/skadar forårsaka av helsetilstand, uvitugskap, sjukdom eller uaktsemd frå deltakar si side.
- Dersom deltakar har ein helsetilstand, sjukdom, allergi eller nedsett funksjonsevne, som kan påverke utføringa av tenesta, for deltakaren sjølv, meddeltakarar, og aktivitetane i seg sjølv, ber vi om at han/ho informerer om dette til oss ved påmelding. Alle person- og helseopplysingar vil bli behandla konfidensielt.
7. Forsikring
Inga form for forsikring er inkludert i tenestene til Netland Guiding.
Deltakar har sjølv ansvar for å undersøke om han/ho har, evt. skaffe, forsikring som dekker ulukker, skade, sjukdom, utgifter til redning og behandling, skade/tap av eigendelar/utstyr m.m., som følgje av dei spesifikke aktivitetane i tenestene til Netland Guiding.
Deltakar har også ansvar for å vurdere si eiga forsikring knytta til reise, opphald og personlege eigendelar/utstyr, i tilknyting til Netland Guiding sine tenester.
8. Merknader og klager
Merknader og klager, må rettast til guide/instruktør på staden, i løpet den enkelte tenesta/aktiviteten.
Såleis kan Netland Guiding bli bevisst forholdet, og få mulegheit til å endre/rette opp i det. Dette er også ein føresetnad for å kunne behandle ein eventuell skriftleg klage i etterkant.
Ein skriftleg klage må vere motteken av Netland Guiding innan to månader etter tenesteutføringa.
Det kan heller ikkje forventast svar på kravet, før utløpet av denne fristen.
Dersom det ikkje vert retta klage innan fristen, mistar ein retten til å fremje krav.
Dersom partane blir einige, eller inngår forlik på staden, kan det ikkje fremjast ytterlegare krav.
9. Ueinigheit og tvistar
- Dersom det oppgsår ein tvist eller konflikt, t.d. rundt eit krav, og/eller tolking av vilkår og avtale med Netland Guiding, bør partane først og fremst prøve å løyse desse gjennom samtalar og forhandlingar på eigahand.
- Dersom dette ikkje fører fram til ei einigheit og avtale, må saka takast vidare til Forliksrådet/det norske rettssystemet, gjennom Noregs domstolar og Noregs lover.
10. Personvern
Netland Guiding etterstrebar å følge Lov om behandling personopplysninger (Personopplysingslova). Denne består av norske reglar, og EUs personvernforordning (GDPR - General Data Protection Regulation).
Føremål:
Netland Guiding treng å samle inn personopplysingar i samband med bestilling/booking og sal av sine tenester og produkt. Døme på personopplysingar føretaket treng å samle inn, er namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.
Ved innsamling av nemnde personopplysingar, godtek kunden også at Netland Guiding seinare vil kunne sende informasjon og tilbod om tenester og produkt per e-post. Mottakar vil når som helst kunne melde seg av mottakarlista for marknadsføring frå oss.
Med uttrykkeleg samtykke, spør vi om kunden ynskjer å dele særlege kategoriar av personopplysingar (helseopplysingar), som kan ha betyding for å ivareta tryggleiken til kunden, medkundar og guide/instruktør hos Netland Guiding (jf. Personopplysningslova artikkel 9 nr. 2 og 3).
Les meir om behandling av personopplysingar i vår Personvernerklæring
